gamleveg-gamle-skjerma-avdeling-nov-2015

Etterlyser flyktningar

gamleveg-gamle-skjerma-avdeling-nov-2015

Bufellesskap i Gamleveg. Bø kommune har eit nyoppretta bufelleskap for einslege mindreårige flyktningar i Gamleveg. Arkivfoto.

Einingsleiar Svein Aas Pedersen, eining for omsorg og kvalifisering, sendte 25. oktober brev til IMDi med etterlysning av plan for busetting av einslege mindreårige flyktningar i 2016. Avtalen er at Bø kommune skal ta i mot 15 einsleg mindreårige i alderen 15 til 18 år. Pedersen viser til at ein framleis har åtte ledige plassar å fylle opp i det nyoppretta bufelleskapet i Gamleveg. Pedersen ber om svar innan 3. november då eininga skal ha klar neste års budsjett på dette området.