
Betre i fjor. Barna tykte det var betre slik dei hadde det i fjor. f.v. Guro Groven Skoe (1. kl), Maja Skoe Olsen (5.), Dorthea Sætra Erikstein (2.), Jakob Skoe Olsen (2.), Marie Skoe (4.), Håvard Skoe (1.) og Annbjørg Skoe (7.). Bak f.v. Marie Skoe Jakobsen, Mona Skoe, Hans Ole Erikstein og Paula Skoe.
– Bussbyte ikkje farleg
Foreldra som klaga på skuleskyssen frå Øvre Bø til Bø skule har fått avslag frå Fylkesmannen. I avslaget heiter det at skulebussbyte på Bø stsjon ikkje blir vurdert til vere serleg farleg eller vanskeleg. Det same gjeld dei andre alternativa der elevane kan gå av bussen på ein av to moglege haldeplassar.