161103-bo-blad-kanalen-23

Bø blad kjøper Kanalen

161103-bo-blad-kanalen-23

Trur på synergieffekt. Redaktør i Kanalen, Tor Espen Simonsen, styreleiar i Bø blad, Eivind Eckbo og styreleiar i Kanalen, Audun Thorstensen har signert ei intensjonsavtale om oppkjøp av Kanalen. Foto: Hilde Eika Nesje

 

Held fram som to selskap

Bø blad AS har inngått intensjonsavtale om å kjøpe avisa Kanalen. Om alt går etter planen, vil det skje frå nyttår. Avisene skal halde fram kvar for seg, og både kjøpar og seljar trur på positiv effekt.

– Me fekk tilbod om å kjøpe aksjane i Kanalen og det fann styret interessant. Me ser at eit endra mediebilde også rammar Bø blad. Det seier styreleiar i Bø blad AS, Eivind Eckbo.

Bø blad AS og avisa Kanalen AS i Nome har underteikna ei intensjonsavtale som inneber at Bø blad kjøper aksjane i Kanalen. Det er redaktør i Kanalen, Tor Espen Simonsen, som eig avisa og har inngått avtala med Bø blad AS.

Den endelege avtala blir signert 1. desember og eigarskiftet skjer etter planen ved årsskiftet, opplyser seljar og kjøpar.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.