161103-leseaksjon-tyrkisk-forfattar

Bø-støtte til fengsla forfattar

161103-leseaksjon-tyrkisk-forfattar

Fribyforfattar Idrak Abassov har laga to filmar som viser Margit Ims og Olav Kasland lese frå Asli Erdoğans bøker. Foto: Gro B. Røiland

Ein leseaksjon til støtte for den fengsla tyrkiske forfattaren Asli Erdoğan er i gang på Youtube. Også frå Bø får forfattaren støtte.

Det er ordførar Olav Kasland og Margit Ims frå litteraturfestivalen Bøker i Bø som les, mens fribyforfattar og journalist Idrak Abassov har filma og redigert.

Forfattaren og spaltisten Asli Erdoğan frå Tyrkia blei fengsla i august saman med 22 kollegaer frå avisa ho skriv for. Fengslinga har vakt internasjonal oppsikt. Skribent- og ytringsfridomsorganisasjonen Norsk PEN og Den norske forfatterforening er blant fleire organisasjonar som krev at ho blir sett fri straks.

– Bø er ein friby og har med det tatt stilling til vern av ytringsfridom og for å betre forholda for dei som er fengsla og forfølgde på bakgrunn av skrivinga si. Desse som engasjerer seg for saka i Tyrkia risikerer sjølv mykje. Difor er det viktig at me som er på trygg avstand også viser støtte, seier Ims, som håper fleire i Noreg vil ta opp stafettpinnen.

– Ein bitte liten aksjon kan hjelpe mykje når ein sit i fengsel. Det er ei stor moralsk hjelp å vite at verda ikkje har gløymt deg, seier fribyforfattar Idrak Abassov.

Klikk på namna, så kan du sjå Olav Kasland og Margit Ims lese frå to av Erdoğans bøker som er omsett til norsk.

Les meir om saka i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.com