eika-trafostasjon-7

Straumprisen går opp

eika-trafostasjon-7

Dyrare. Forhold i Tyskland og Frankrike påverkar straumprisen i Bø. Arkivfoto

 Tørt vêr ei av årsakene

Midt-Telemark Energi sette førre tysdag opp straumprisen. Den flytande straumprisen er nå 43,75 øre per kWh inklusive mva. Netto kraftpris utan avgift er  35,00 øre per kWh. I tillegg til desse prisane kjem nettleige.

– Årsaka til at prisen stig så mykje er samansett. Det er utfordringar med kjernekrafta i Frankrike som påverkar prisane i Tyskland som igjen påverkar kolkraftprisen i Danmark, seier marknadssjef Oddvar Steinhaug i Midt-Telemark Energi.

Prisen på dansk kolkraft har ifølgje Steinhaug også stige på grunn av høgare kolpris. Denne prisen har direkte innverknad på prisen i Noreg.

– Det tørre vêret den siste tida er også ein viktig faktor. Det har kome svært lite nedbør den siste tida, noko som fører til at vi forbrukar vatn frå kraftmagasina utan å få påfyll av nytt vatn, seier Steinhaug.