statsborgerseremoni2014-2

294 nye statsborgarar

statsborgerseremoni2014-2

Seremoni i Ibsenhsuet. Bilete frå ein tidlegare statsborgarskapsseremoni i regi av Fylkesmannen. Foto: Fylkesmannen i Telemark.

Fylkesmannen i Telemark arrangerer i dag den årlege Statsborgarseremonien i Ibsenhuset, Skien. Fylkesmannen karakteriserer seremonien som ein av dei hyggelegaste hendingane i løpet av året. Det siste året har Telemark fått 294 nye statsborgarar. 119  av dei har takka ja til å feire dette i Ibsenhuset i dag. Dei kjem frå 30  land og er busett i 12 Telemarks-kommunar. Gjestetalar på seremonien er ordfører Hallgeir Kjeldal, Bamble kommune. Av dei 294 nye statsborgarane kjem 123 frå Skien, 52 frå Porsgrunn og 24 frå Kragerø. Også Midt-Telemark er representert med tolv frå Nome, åtte frå Sauherad og tre frå Bø. Oversikten over kva land våre nye statsborgarar opphaveleg kjem frå er lang, men dei med flest personar er Afghanistan (24), Burma (22), Eritrea (37), Irak (15), Iran (16), Somalia (17) og Thailand (32).