haugerudbakken-3d2_hires-small

Nytt leilegheitsbygg

haugerudbakken-3d2_hires-small

Tolv leilegheiter. Slik ser arkitekten for seg bygget i tre etasjar i Haugerudbakken. Haugerudbakken er ein sideveg til Gamleveg i Bø sentrum. Illustrasjon: Point AS.

Bustadmarknaden i Bø har i lang tid vore prega av einebustader. Dei seinare åra har leilegheitsbygga kome opp på rekkje og rad. Nå er det Haugerudbakken sin tur.
Hallvard Strand er mannen bak idéen om eit leilegheitsbygg i Haugerudbakken. Nå overlet han prosjektet til entreprenør Betonmast.
Strand har stor tru på at leilegheiter av god kvalitet og med god plassering i Bø er greitt å få omsett.
– Bø har lenge ligge bakpå når det gjeld å byggje ut leilegheiter, men har kome etter dei seinare åra. Det er i tida at eldre generasjonar flyttar frå einebustad til leilegheit. Fleire flyttar også tilbake til Bø etter år utanbygds, og då er det mange som kan tenkje seg ei lettvint leilegheit, seier han.

Prosjektet i Haugerudbakken blir eit bygg i tre etasjar med tolv leilegheiter i storleik frå 74 til 125 kvadratmeter. Arkitekt er Bart Burgerhoudt i Point og prosjektleiar i Betonmast er Eivind Berge.

Les meir om saka i vekas papirutgåve.