????????????????????????????????????
????????????????????????????????????

Bø veks og veks

Attraktive Bø. Kanskje det er sola som skin på Lifjell som gjer Bø attraktiv, vel så mykje som kafékulturen? Foto: Øystein Akselberg

Folketalet i Bø mot nye høgder

Per 1. oktober var folketalet i Bø stige til 6.244 personar. Siste kvartal var auken heile 127 personar. Det er ei auke på 2,1 %, noko som plasserer Bø i landstoppen. Bø har nemleg tiande høgste folkevekst av alle landets kommunar siste tolv månader. Siste året har det blitt 184 fleire bøheringar.

I siste kvartal har det blitt 230 fleire innbyggjarar i Telemark, og 127 av desse høyrer til Bø. Over halvparten av folkeveksten i Telemark skjer soleis i Bø. Dei 127 nye innbyggjarane i Bø fordeler seg slik: eit fødselsoverskot på tre personar, netto innvandring på 49 personar og netto innanlands tilflytting på 75 personar.

Kjelde: Telemarksforsking og SSB.