161110-olav-solberg

Stor lansering av balladesamling

161110-olav-solberg

Olav Solberg er ein av sju fagpersonar som har jobba fram balladesamlinga på tolv band. Foto: Gro B. Røiland

Professor emeritus Olav Solberg er sentral i det vitskaplege bokverket der alle kjende norske balladar frå mellomalderen er samla. Til veka blir storverket på tolv band lansert i Oslo.

Nasjonalbiblioteket står bak storsatsinga som har resultert i fire fysiske bøker og åtte digitale. Dei digitale er fritt tilgjengelege på bokselskap.no. Bokverket gjev oss vitskaplege utgåver av 265 balladar på norsk, dei aller fleste ukjende for folk flest.

Til veka blir det lansering over to dagar i Oslo. Tysdag på Nasjonalbiblioteket i Oslo, der Olav Solberg saman med kvedar Øyonn Groven Myhren, stortingspresident Olemic Thommesen og musikar Knut Reiersrud skal samtale med Karin Haugen, redaktør i Bokmagasinet, om mellomalderballadar.

Onsdag blir det musikalsk feiring i NRKs Store Studio, der Nasjonalbiblioteket saman med Kringkastingsorkesteret (KORK) inviterer til konsert. Kirsten Bråten Berg, Knut Reiersrud, Gunhild Sundli, Kim Rysstad og Mari Midtli skal opptre saman med KORK.

Les meir om balladesamlinga i papiravisa eller kjøp avisa digitalt på buyandread.