
Øvste sjefen. Prosjektleiaren for den nye kommunen skal rapportere til rådmann i Bø og Sauherad, Åse Egeland
Formelt tilsett i komande kommunestyremøte
Frå 1. januar vil Åse Egeland vere rådmann i Bø i 50 prosent stilling og rådmann i Sauherad i 50 prosent stilling. Frå 1. januar 2020 blir ho rådmann i den nye kommunen.
Dei formelle vedtaka i Bø kommunestyre og Sauherad kommunestyre er rett nok ikkje gjort, det skjer i kommunestyra i dei to kommunane, 8. desember i Sauherad og 12. desember i Bø. Det er likevel lite som tyder på at ikkje Åse Egeland, noverande rådmann i Bø, blir tilsett.
Sitjande rådmann i Sauherad, Hans Erik Utne, sluttar 31. desember. Han har fått ein annan rådmannsjobb.
Saka har vore diskutert i fellesnemnda for den nye kommunen.
Det skal også tilsetjast ein prosjektleiar for samanslåinga av dei to kommunane. Denne skal rapportere til rådmann.
Les meir i papiravisa torsdag.