161201-glenn-isaksen-og-janne-flittig

Temamøte om seksuelle overgrep

161201-glenn-isaksen-og-janne-flittig

Glenn Isaksen i Bø Arbeiderparti har tatt initiativ til temamøte i Bø om seksuelle overgrep mot barn. Blant andre Janne Flittig deltar på møtet for å informere.

Torsdag 8. desember arrangerer Bø Arbeiderparti temamøte på høgskulen om seksuelle overgrep mot barn.

– Møtet er ikkje politisk. Det er for alle som jobbar med barn, har barn, kjenner barn eller bare meiner at dette er ei viktig sak. Politiet kjem for å informere og gje gode råd, det same gjer Janne Flittig som driv førebyggjande arbeid mot seksuelle overgrep og sjølv er eit overgrepsoffer, seier initiativtakar Glenn Isaksen i Bø Ap.

Bakgrunnen til initiativet frå Isaksen er ein tekst Janne Flittig skreiv tidlegare i haust som ein reaksjon til Mannegruppa Ottar på Facebook. I teksten delte ho sine erfaringar som overgrepsoffer og tok til ordet mot negative seksuelle haldningar mot kvinner og barn. I løpet av tre timar fekk ho 4000 likes, 2000 delingar og 1000 kommentarar på innlegget sitt.

Statistikken over straffesaker viser at det i Midt-Telemark er anmeldt og etterforska 26 seksuelle overgrep hittil i år, 14 av dei i Bø. Politiførstebetjent Turid Ofte Gundersen ved Bø lennsmannskontor som har etterforska overgrepssaker i mange år, meiner mørketala er store.

Les meir om saka i papiravisa eller på buyandread.com