kommunehuset Bø kommunehus
kommunehuset Bø kommunehus

Kommunen har delt ut prikkar

160121-bo-kommunehuset-01

Leita. I dei fleste tilfella var det internkontrollpermen, eller rettare at ein ikkje fann permen som førte til at kommunen delte ut prikkar til fleire butikkar.

Fleire prikkar til serveringsstader

Fleire serveringsstader i Bø har fått prikkar under kontroll.

På Beverøya Camping fann ikkje den tilsette internkontrollpermen under Securitas sin kontroll. Det var ansvarshavande som ikkje hadde sett den på rett plass. Det har ført til to prikkar frå kommunen. På Coop Extra hadde den tilsette misforstått kva det var kontrolløren ville sjå, resultatet vart to prikkar. Hendinga skal ha ført til ein ekstra gjennomgang av internkontrollen. Heller ikkje på Kiwi og på Sanda Camping fann dei internkontrollpermen, her var det ansvarshavande som leita forgjeves. Også her vart det delt ut to prikkar.

Bø kommune opplyser at tildeling av totalt 12 prikkar i løpet av to år fører til at løyvet blir inndrege for ein periode på ei veke.