systemblokk-12-mai-2016-fabrikkomradet-1

Vil framskunde Rallevegen

systemblokk-12-mai-2016-fabrikkomradet-1

Fleirtalet i formannskapet vil i samband med budsjettet for 2017 prioritere omlegging av Rallevegen ved Systemblokk. Arkivfoto: Øystein Akselberg 

Dei fire partia som har fleirtal i både kommunestyre og formannskap ønskjer å framskunde omlegging av Rallevegen ved Systemblokk.

– Systemblokk er den tredje største bedrifta i Bø. Vegen gjennom området til bedrifta hemmar den og er heller ikkje grei for trafikken, sa Bergit Askildt Myrjord (V) då ho la fram forslaga til endring i budsjettet for Bø kommune i formannskapet.

Bak forslaget står også partia Høgre (H), Kristeleg Folkeparti (KrF) og Senterpartiet (Sp), som saman har fleirtal både i formannskapet og kommunestyret.

For å få Rallevegen inn på budsjettet neste år ligg det i pakken som Askildt Myrjord la fram at ein utset bygging av høgdebassenget på Lifjell eit år. Ifølgje forslaget vil kommunen bruke ein million kroner i 2017 og fire millionar kroner i 2018 til Rallevegen og tilsvarande til høgdebassenget i 2017 (ein million) og 2018 (fire millionar).

Kommunestyret skal vedta kommunebudsjettet i møtet 12. desember.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.com