gullbringhallen-norli-jorum-og-fremga%cc%8ard-des-2016-5604

Dramatisk prisauke i Gullbring

gullbringhallen-norli-jorum-og-fremga%cc%8ard-des-2016-5604

Får dobla hallutgiftene. Leiar i Bø volleyballklubb, Marius Norli (f.v.), dagleg leiar i Skarphedin handball, Lars Jørum, og nestleiar i Skarphedin handball, Asle Fremgård, er alle fortvila etter å ha fått beskjed om ein dramatisk auke i prisen på hall-leige i Gullbring neste år.

Gullbring kulturanlegg meir enn doblar husleiga for både handballen og volleyballen i Gullbringhallen neste år. Leiinga i både Skarphedin handball og Bø volleyballklubb fryktar for framtida til klubbane og seier dei ikkje har råd til å betale dobbel husleige.

Handballklubben etterspør Bø kommunes rolle når dei nå blir utsett for Gullbrings knallharde sparemedisin. Gullbringsjef Espen Raastad seier han forstår at høgare leigeprisar vil smerte, men viser til at dette er siste utveg for å få 2017-budsjettet i hamn. Han går langt i å signalisere at tilskotet Gullbring får frå Bø kommune er svært stramt og at Gullbring etter reforhandling av avtalane med Bø kommune og høgskulen har ein million mindre å drifte for enn tidlegare.

Mest sannsynleg vil dei nye leigeprisane gjelde frå 1. juli.

Bø kommune er spurt om å kommentere saka, men viser til at Gullbring er eit AS og at dialogen vil gå med styret i kulturanlegget.

Les om saka i dagens papirutgåve.