Dagpåfugløye. Fotografen trur det er ein Dagpåfugløye som overvintrar som vaksen. Foto: Helle Vold
Har aldri sett maken
Denne sommarfuglen vart observert i Bø torsdag 8. desember.
– Eg har aldri opplevd sommarfugl så tidleg på året, eller seint om du vil, skriv Helle Vold i ein e-post til Bø blad.
Vold trur det er ein Dagpåfugløye som overvintrar som vaksen. No lurer ho på om det er andre som har opplevd sommarfuglar på denne tid av året.
Har du sett sommarfuglar i vintermånadane så fortel oss gjerne om det. Send ein epost til redaksjon@boblad.no eller marta@boblad.nno.