161215-rasitiske-brev-33

Hatrasisme mot lærar på Bø skule

Reagerer kraftig. Lensmann Sigrid Dahl vil gjere det ho kan for å finne avsendaren. Kommunen har jobba tett med læraren som har fått breva og støttar vedkomande fullt ut. F.v. Åse Egeland, rådmann, Beate Darrud, skulesjef, Sigrid Dahl, lensmann, Olav Kasland, ordførar.  

(Sjå breva lenger ned i saka.)

 Fire rasistiske brev på eitt år

Kommunen og privatpersonar har motteke fire rasistiske brev. Breva kritiserer ein lærar ved Bø skule. No er saka meld til politiet. Lensmann Sigrid Dahl ønskjer tips.

– Dette er berre så forakteleg, eg kan ikkje få uttrykt det sterkt nok.

Det sa ordførar Olav Kasland på pressekonferansen som kommunen og politiet arrangerte i kommunestyresalen om breva onsdag føremiddag. Saka vart meld til politiet tysdag.

Hatkriminalitet

Dahl opplyser at innhaldet i brevet blir karakterisert som hatkriminalitet. Det er brot på paragraf 185 i straffelova. Strafferamma er frå bøter til fengsel i tre år. Ho opplyser at jurist har sett på breva og seier at sidan det har gått over tid blir det vurdert som grovt og skjerpande, men det er lite rettspraksis på området.

– Hatkriminalitet blir teke på alvor, understreka Dahl.

Ho vil ikkje seie noko om korleis dei vil gå fram med etterforskinga.

– Me skal gjere det me kan for å finne ut kven det er som har gjort dette, seier Dahl.

Dahl ønskjer også å få tips. Det kan vere fleire med, ettersom det er underskrive med foreldre i fleirtal, men det treng ikkje vere rett. Kommunen har vore i kontakt med politiet om saka, men Dahl seier at det er ikkje sett i gang etterforsking. Det vil det bli no.

Har halde på i eitt år

Ordførar Olav seier at det første brevet vart sendt til Bø kommune for vel eitt år sidan. Det andre brevet var adressert til FAU-leiar og vart levert i ei postkasse på skulen. Det tredje kom i posten og det siste brevet vart lagt på trappa til vedkomande lærar. Det er datert 4. desember i år. Ifølgje Kasland er det læraren som har meldt saka til politiet. Tidlegare har det vore tett kontakt mellom læraren og kommunen og det er i stor grad læraren som har styrt prosessen.

Heimane informert

Lærarane vart informerte om saka tysdag denne veka. Onsdag klokka ti, på same tidspunkt som det var kalla inn til pressekonferanse, sende skulen ut sms til foreldra om at elevane har med seg eit brev heim om saka. Elevane på mellomtrinnet skal også ha blitt informert onsdag. Men ordføraren meiner dette er ei sak for vaksne og vil ikkje involverer barna.

– Me tek dette på det største alvor, slikt skal me ikkje ha, seier Kasland.

Skulesjef Beate Darrud opplyser at læraren blir følgd opp tett. Vedkomande er i arbeid og skal ha jobba lenge i skulen. Læraren bur i Midt-Telemark. Kasland vil ikkje opplyse om vedkomande lærar er muslim. Læraren blir skulda for å kome med IS-propaganda i breva.

– Kva læraren er er irrelevant, seier Kasland.

I eit av breva står det: ”Me treng kristne norske verdiar her. Me er ikkje ute etter deg som person, du er sikkert hyggeleg og grei nok.”

Både han, skulesjef og rådmann Åse Egeland avviser at det er nokon grunn til å kome med skuldingane i brevet.

Ikkje heilt oppdatert

Brevskrivaren kritiserer mellom anna at det blir gjennomført innsamlingsaksjonar på skulen. Men vedkomande er fornøgd med at det ikkje har vore nokon i år.

– Det er ikkje rett. Me har samla inn 8.000 kroner til Redd Barna, det er me stolte av, seier skulesjefen.

– Slike innsamlingar kjem me til å halde fram med, understrekar Egeland.

Ho seier det vanlegvis er Norsk Folkehjelp som får pengane.

Brevskrivaren håpar at Bø skule held fram med å la ungane gå i julegudsteneste.

Skulesjefen seier at det faktisk ikkje er vanleg med julegudsteneste i Bø. Det er kanskje eitt trinn, ofte femteklasse som deltek i det.

Skulesjefen opplyser at dei andre lærarane er sjokkerte og ikkje trur det dei les og høyrer.

– Er det meir rasisme i Bø enn på andre liknande stader?

– Det er vanskeleg å seie noko om, seier Dahl.

Men ho seier også at ein vart veldig overraska over at dette skjedde i Bø. Kasland meiner rasisme finst over alt, dessverre.

Les brevet frå skulen og hatbreva i lenka under:

Til føresette ved Bø skule