
Møte etter nyttår. Kommunestyret gjorde ikkje noko for å hindre husleigeauken i Gullbring i budsjettmøtet, men ordføraren opplyste at det alt er kalla inn til eit eigarmøte der ein skal diskutere saka. Det skjer etter nyttår.
Vil diskutere husleigeauke med Gullbring
Ordførar Olav Kasland opplyste i kommunestyremøtet måndag at det er kalla inn til eigarmøte med Gullbring. Det vart gjort etter oppslag om den kraftige auken i husleiga til frivillige organisasjonar.
Det var oppslaget i Bø blad sist veke som fekk Kasland til å reagere. Då skreiv lokalavisa at blant andre Skarphedin handball og Bø volleyballklubb frykta for framtida som leigetakarar i Gullbring etter at dagleg leiar i kulturanlegget, Espen Raastad, har signalisert at det blir kraftig auke i leigeprisane til neste år. Ifølgje Asle Fremgård i Skarphedin handball skal timeprisane i hallen auke frå 322 kroner i år til 738 kroner neste år.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyabdread.no