161215-Norsjø-Wakeboardklubb-1

200.000 til treningsanlegg

Fekk førjulsgåve. Norsjø Wakeboard Klubb har fått 200.000 kroner til utandørs treningsanlegg. Det er Edvard Sukken Andersen, Nora Sukken Andersen, Bork Ower, Christian Lindheim og Ask Ower glade for. Foto: Privat

Sparebankstiftelsen DNB delte ut pengar 

Julegåva blei overrekt litt tidleg til Norsjø Wakeboard Klubb. Klubben fekk nyleg 200.000 kroner til utandørs treningsanlegg.

Norsjø Wakeboard Klubb hadde søkt om 200.000 kroner til eit utandørs treningsanlegg knytt til kabelparken på Akkerhaugen. Det tente Sparebankstiftelsen DNB på, og sist veke blei søknaden innvilga.

Wakeboardklubben har eksistert sidan 2006 og spelar ei viktig rolle for lokal rekruttering til sporten. Klubben legg til rette for trening for dei ivrigaste wakeboard-køyrarane frå tidleg vår til sein haust på Akkerhaugen, men ønskjer nå å byggje eit variert utandørs treningsanlegg for folk i alle aldrar uavhengig fysisk form.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no