MSG Deice Geiteryggen 19. des 2016 6011

Nasjonalt gjennombrot for flyeventyr

Feira gjennombrot. Med god hjelp av skiensordførar Hedda Foss Five (Ap) spretta bøheringen Svein Gunnar Mæland sjampanjen på Geiteryggen flyplass i dag.

Spretta sjampanje for  flyeventyr

Selskapet MSG Deice AS, med bøheringen Svein Gunnar Mæland i spissen, har fått på plass finansiering av bygging av verdas første fullskala-anlegg av eit heilautomatisk vaske- og avisingsanlegg for fly. Anlegget til 40 millionar kroner skal byggast på Geiteryggen flyplass i Skien. Byggjestart blir til våren og allereie neste vinter kan ein starte testinga av anlegget.

Skiensordførar Hedda Foss Five viser stort engasjement for den nye verksemda som skal ha base på Geiteryggen.

– Verksemda er midt i blinken for kva slags næring Skien kommune ønskjer skal etablere seg på flyplassen, seier ho.

Går alt etter planen, vil anlegget ha 35 arbeidsplassar ved full drift.

Finansieringa kom på plass da MSG Deice nylegg fekk 23 millionar kroner i tilskot frå EU-ordninga Horizion 2020, som er verdas største forskings- og innovasjonsprogram.

Les meir i papiravisa torsdag.