
I Uvdal. Når ein står på Gygrestolen ligg Langedalsfjellet på andre sida av dalen under Jønneberg. Området vart i starten kalla Jønneberglia, men Språkrådet bad om at namnet vart endra. Foto: Øystein Akselberg
Det strengaste vernet
Det er oppretta to nye naturreservat i Bø. Det er Gygrestolen naturreservat og Langedalsfjellet naturreservat. Begge ligg i Uvdal.
Ifølgje omtala av områda frå Fylkesmannen i Telemark er begge områda av nasjonalverdi og har fått det strengaste vernet, naturreservat. Gygrestolen naturreservat er på 1.618 mål og Langedalsfjellet på 281 mål. Langedalsfjellet ligg på andre sida av dalen for Gygrestolen, nedanfor Jønneberg. Christian Ramberg eig grunnen til begge områda og har inngått avtale om frivillig vern.
Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no