Grivi park web

Nytt million-prosjekt i Stasjonsvegen

Nytt i Stasjonsvegen. Stasjonsvegen 33 skal rivast for å gjere plass til prosjektet Grivi park som blir eit nytt nærings- og leilegheitsbygg. Stasjonsvegen ligg på baksida av bygget sett frå vest. Skisseteikning: Søndergaard Rickfelt AS.

Næringslokale og leilegheiter til ein pris på 40 millionar kroner er under planlegging i Stasjonsvegen.

I juni neste år startar rivinga av noverande Stasjonsvegen 33. I dag er det Norgesgruppen som eig bygget som butikken Leikeplaneten hadde tilhald i før. Nå er det bestemt at bygget skal rivast og planlegginga av eit nytt nærings- og leilegheitsbygg er i startfasen. Det er selskapet BNH Utviklingen AS med bøheringen Kjell Aage Verpe som medeigar og dagleg leiar som har kasta augo sine på prosjektet. BNG Utvikling AS og Norgesgruppen vil stå bak utviklingsprosjektet saman.
– Prosjektet er planlagt med ei investering på cirka 40 millionar kroner, stadfestar Kjell Aage Verpe.
Riving av den gamle bygningskroppen startar i juni 2017.