161222--Bøkappleiken-kappleik-117

Halvorsen syng ”Draumkvedet”

For første gong. Borghild Hardang-Hanto opplyser at det er første gong kvedaren Jon Anders Halvorsen framfører Draumkvedet når han syng i Flåbygd kyrkje på nyåret.  

Jon Anders Halvorsen syng i Flåbygd kyrkje

Trettande dag jul, 6. januar, framfører kvedaren Jon Anders Halvorsen og multi-instrumentalisten Anders Røine ”Draumkvedet” i Flåbygd kyrkje.

Kvedaren Halvorsen frå Lunde har fleire førstepremiar frå Landskappleiken og har gått på Ole Bull-akademiet på Voss.

Draumkvedet eit spesielt visjonsdikt som skildrar livet etter døden. Det handlar om Olav Åsteson som fell i søvn julaftan og ikkje vaknar att før trettande dag jul. Dår rir han til kyrkje og fortel kva han har drøymt om. Han har hatt ei uhyggeleg ferd til dødsriket og han har reist over Gjallabrui og sett paradis.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.