161229-Årets-bøhering-Nina-Bakkåker-24-

Årets bøhering: Drivkraft bak HalloVenn

Fleire med same forslag. – Det var fleire som hadde foreslått Nina Merete Hegg Bakkåker til Årets bøhering. Det er styret i Bø blad som utnemner Årets bøhering. Fatet Årets bøhering får er laga av Martha Bjelland Bø.

Har samla 800 barn i Gullbring

Årets bøhering er Nina Merete Hegg Bakkåker. Ho har stått i spissen for ei rekkje arrangement for barn og unge. Over 800 har delteke på det største: Hallovenn.

Nina Bakkåker tok initiativet til HalloVenn i 2009. Det vart straks ein braksuksess. Etter kvart har over 800 barn frå Midt-Telemark årleg vore med på arrangementet. Til samanlikning er det gjerne 60 til 70 bøheringar per årstrinn i skulen. Det vil seie mellom 600 og 700 barn frå seks til seksten år.

Når det er HalloVenn er det barn og aktivitetar overalt, både inne og ute i Gullbring. Ei lang rekkje dugnadsarbeidarar stiller opp for å hjelpe til. Oppmøtet har halde stand, sjølv om festen har fått avleggarar både i Lunde og Seljord.

Mange er glade for det alternative arrangementet som blir arrangert på Halloween, siste dagen i oktober.

Les meier om Årets bøhering i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no. Du finn også mykje anna godt lokalt stoff i romjulsavisa til Bø blad.