
Søkjer. Per Dehli, rådmann i Seljord er ein av søkjarane til stillinga som prosjektleiar for den nye kommunen i Midt-Telemark
15 vil leie arbeidet med å byggje ny kommune
Det er 15 søkjarar til stillinga som prosjektleiar for den nye kommunen. Det er ei full stilling og den som blir tilsett skal leie arbeidet med å sy Sauherad og Bø saman til ein kommune. Prosjektleiar vil rapportere til rådmann Åse Egeland. Det er mogleg å gjere stillinga om til ei fast stilling etter at samanslåinga er gjennomført.
Det er ni menn og fire kvinner som har søkt stillinga. Fem av namna er ikkje offentlege
Den som, alfabetisk, står først på lista er Per Dehli. Han har hatt permisjon frå stillinga som rådmann i Seljord for å arbeide med kommunesamanslåing hjå Fylkesmannen i Telemark.
Søkjarane er: Per Dehli (53) Seljord, prosessrettleiar, Niri Andreas Kvammen Forberg (22), Bø, pleieassistent, Øyvind Meen Kittilsen (54), Skien, prosjektleiar, Gisle Lunde (52), Skien, prosjektleiar, Roar Moen (35), Valestrandsfossen, daglig leiar, Kendal Ömer Shuli (38), Bjorbekk, rettleiar Nav Arendal, Zorica Slijepcevic (28), Hafrsfjord, prosjektleiar, Audun Østtveit (61) Bø, prosjektleiar, unnateke offentlegheit (48), mann, unnateke offentlegheit (50), mann, unnateke offentlegheit (62), kvinne, unnateke offentlegheit (38), kvinne, unnateke offentlegheit (51), kvinne.
Les fleire lokale saker i papiravisa til Bø blad eller kjøp avisa på nett på buyandread.no