160128-Anders-Røine---Kristine-Valdresdatter

Nominerte til Spellemannsprisen

Anders Røine er nominert til Spellemann 2016 for sin folkemusikkinspirerte stumfilmmusikk . Foto: Gro B. Røiland

Anders Røine og Lars-Ingar Meyer Fjeld er nominerte til Spellemannsprisen i kategorien Folkemusikk/tradisjonsmusikk.

Røine er nominert for albumet «Kristine Valdresdatter» med musikk han har skrive til stumfilmen Kristine Valdresdattar frå 1930. Meyer Fjeld er nominert for debutalbumet «Hardingfele» med slåttar frå Telemark.

Røine som har budd i Bø i mange år, er multimusikar som spelar på mange instrument. Meyer Fjeld er frå Sandefjord og bur på Notodden, men har sidan august vore hardingfelelærar i kulturskulen og synleg på fleire kulturarenaer i Bø.

Røine og Meyer Fjeld konkurrerer med Eli Storbekken og Sigurd Hole som er nominert for albumet «Fabel» og med Gjermund Larsen trio for plata «Salmeklang».