170105-Hellestad-Sandtak-37--b

Pengar i grus og stein

God arbeidsstokk. Ingvar Hellestad (t.v.) og OA Hellekås rosar arbeidarane i bedrifta. – Me har ein flott arbeidsstokk, seier dei to eigarane.

 

Stein og grus gir pluss

I 64 år har det blitt teke ut sand og stein i Hellestad Sandtak i Hegnunvegen. I 1999 frykta ein likevel kva som ville skje, då møtte dei fjell i staden for sand. Det viste seg at det var framtida.  

– Det var krise. Kva skal me gjere no? Det lurte folk på, fortel Ingvar Hellestad, den eine av eigarane.

Med det viste seg at det var framtida dei hadde møtt.

– Fjellet vart eit godt produkt ved sidan av sanden, i tillegg var det i tida, seier Hellestad.

Fjell kan knusast til masse og er i dag det som blir føretrekt til mange ting. Dei er også så heldige at sandtaket ligg skjerma til for bustader, det går ikkje lydlaust føre seg når ein knuser stein.

– Naboane er veldig velvillige og me har aldri fått klage på støy, men nokre ulemper er det nok, seier den andre eigaren, Olav Anders Hellekås, best kjend som OA Hellekås.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på  nett på buyandread.no. 

På rekke og rad. Snutebilar på  rekkje og rad i Hellestad Sandtak rundt 1976-77. Foto: Hellestad Sandatak