Unge talent - Audun Rørmark med feler

Audun spelar på mange strengar

Ungt talent. Bøguten Audun Rørmark er eit allsidig talent som spelar på mange strengar.
Foto: Hilde Eika Nesje.

Audun Rørmark (17) frå Bø er stemt fram som vinnar av talentkonkurransen ”Unge talent”, som er eit samarbeid mellom Bø blad og Sparebank 1 Telemark. Premien er eit diplom og ein sjekk på 15.000 kroner. Det er lesarane som stemmer i konkurransen og denne gongen blei det unge Rørmark som stakk av med prisen.

Audun spelar bokstaveleg talt på mange strengar. I Bø kjenner ein han både som ein ung spelemann med hardingfele, eller i band med bassgitar og som vokalist. I tillegg må folk venne seg til å sjå han som fiolinist. Det er nemleg hovudinstrumentet hans.
– Eg er kjempeglad for å vinne prisen. Det passa rett og slett perfekt, seier Audun på telefon frå musikklina ved Skien vidaregåande skule der han går i andre klasse.
Audun har fleire fiolinbogar, men treng ein ny kvalitetsboge, og det er akkurat det han tenkjer prispengane skal gå til.
– Ein god boge vil koste 30-40.000 kroner, men den kan eg ha livet ut om den er god, seier Audun.