170104-Kommunereform-kommunekonferanse-080-

Dehli tilbydd stilling som prosjektleiar

Rådmann. Per Dehli har vore rådmann i Seljord og jobba med kommunereform hjå Fylkesmannen i Telemark.

– Midt i blinken

– Per Dehli er midt i blinken for oss. Det seier ordførar i Bø, Olav Kasland, etter at Dehli har fått tilbod om stillinga som prosjektleiar for den nye kommunen Bø og Sauherad.

Kasland seier at det var mange gode kandidatar til stillinga. Dehli har jobba med kommunesamanslåing hjå Fylkesmannen i to år. I tillegg har han erfaring som rådmann i Seljord. Kasland seier at han også har lang erfaring med å jobbe med prosjekt i forsvaret.

Dehli skal, dersom han takkar ja, vere underordna rådmann Åse Egeland og få ansvaret for å leie prosessen fram til etablering av ein ny kommune 1.1.2020.