
Nye leigetakarar. Bilxtra flytter inn i lokalet etter Sparebank 1Telemark i Stasjonsvegen 21. Med god drift trur AS Sørensen og Balchen at omsetninga kan kome opp i ti millionar kroner.
Jaktar på drivar
Bilxtra ser etter nokon som kan eige og drive ein Bilxtra-butikk i Bø. Dermed blir det tre butikkar med bilrekvisita i bygda i løpet av året.
– Bø er eit handelssentrum for Midt-og Vest-Telemark. Offentlege organ og politikarar har vore flinke til å satse. Det er ein spennande stad.
Det seier Morten Birkeland, administrerande direktør i AS Sørensen og Balchen. Bilxtra er ein del av dette konsernet og no skal det opne butikk i Bø. Lokala er plukka ut, det er Stasjonsvegen 21 lokala som Sparebank 1 Telemark nyleg flytta ut av.
Les meir i papiravisa torsdag eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.