170112-Bull-Inn-Arild-Syvertsen-og-Lars-Olav-Stykket-9.-januar-2017-2

På skjenketoppen i Bø

Skjenketoppen. Dagleg leiar ved Bull Inn, Arild Syvertsen (t.v.), og dagleg leiar ved Pizzafjoset, Lars Olav Stykket. Foto: Øystein Akselberg

Utestaden Pizzafjoset og Bull Inn serverer mest alkoholhaldig drikke i Bø. Skjenkestaden øvst i Bøgata stod for nær halvparten av ølsalet i Bø i 2015.

Skjenkestadane si omsetning av alkoholhaldig drikke for 2015 var nyleg klar frå Bø kommune. Kommunen samlar inn omsetningstal og reknar ut gebyr på salet for kvar enkelt skjenkestad. 14 verksemder har løyve til skjenking av alkohol i Bø, og fem skjenkestader står for det aller meste av det samla salet: Pizzafjoset og Bull Inn, Den Gode Nabo, Bø hotell, Studentkroa og China House Restaurant.

Restauranten Pizzafjoset og puben Bull Inn selde 27.547 liter øl i 2015. Dette er over 47 prosent av mengde øl seld på alle utestadane i Bø.

Den Gode Nabo er klar nummer to med 15.307 liter og studentkroa ligg på ein like klar tredjeplass med 9.119 liter øl.

Les meir om saken i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no