170119-Valenkrysset-59-b-

24 bedrifter mot kryssløysing

Akselerasjonsfelt. Cato Rekanes (t.v.) i Rekanes Transport og Rolf Steinsland i Multilux ønskjer seg to filer frå Valenvegen ut på riksvegen og akselerasjonsfelt i retning Bø sentrum.

Protesterer mot nytt kryss

Måndag var fristen for å kome med innspel til planane for det nye krysset mellom Valenvegen og riksveg 36 ute. 24 bedrifter har skrive under på ei klage på krysset. Dei meiner krysset er for smalt.

– Etter vår meining er krysset bygd for smalt, særleg med tanke på tungtransport til og frå Valenvegen, står det i brevet som 24 næringslivsleiarar har skrive under på.

Dei peikar på at det alt i dag er store problem med trafikken sørover og ut frå teikningane ser det ikkje ut til å bli betre med nytt kryss. Næringslivet ønskjer seg to filer ut på riksvegen og eit akselrasjonsfelt i retning Bø sentrum.

Det er utbygginga av Bø Handelspark som er årsaka til at det skal byggjast nytt kryss no. Det var eit rekkjefølgjekrav frå  kommunen for at utbygging skal halde fram. Som Bø blad har skrive tidlegare har teikningane av det nye Valenkrysset vore ute på høyring.

Låven borte. Den raude låven som låg til venstre for Valenkrysset er borte og krysset skal flyttast dit.

Les meir om saka i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.