170120-fele

Ny fele i samlinga

Rita Eckbo (f.v.), Asbjørn Storesund og Sigrid Bø i Bø museum er glade for å ha fått ein Tjønn-fele i samlinga. Foto: Gro B. Røiland

Bø museum si felesamling har fått eit nytt klenodium. Det er ei fele frå 1919, laga av Tjønn-felemakarane frå Tuddal.

Asbjørn Storesund ved Bø museum har lenge vore på utkikk etter ei Tjønn-fele. Det var spelemann og hardingfelelærar i Bø, Lars-Ingar Meyer Fjeld, som eigde fela som nå er blitt museet sin.

Felesamlinga på Bø museum omfattar omlag 40 feler og skal spegle felemakarkunsten i Telemark. Den er etter det Storesund kjenner til ei av dei største felesamlingane i offentleg eige.

I tillegg til feler etter den store felemakarslekta Helland/Steintjønndalen frå Bø, skal samlinga representere også andre felemakarar frå fylket. Frå før av har museet feler laga av Olav Løfskeid, Leiv Sandsdalen, Olav Underberg, Olav Bakkane, Kjetil Flatin og Bjarne Øen. Tjønn-fele har mangla fram til nå.

Les meir om den nye fela og Tjønn-felemakarane i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.com