170112-Anders-Røine

Vann Spellemannsprisen

Anders Røine vann Spellemannsprisen i kategorien Folkemusikk/tradisjonsmusikk i dag. Røine vann prisen for albumet «Kristine Valdresdatter» med musikk han har skrive til stumfilmen Kristine Valdresdattar frå 1930. Røine som har budd i Bø i mange år, er multimusikar som spelar på mange insttument. Han har tidlegare vore nominert til Spellemannspris for album med duoen Sudan Dudan.  Røine konkurrerte med Lars-Ingar Meyer Fjeld, Eli Storbekken og Sigurd Hole som er nominert for albumet «Fabel» og med Gjermund Larsen trio for plata «Salmeklang».