Frå venstre Ole Martin Aabø Østbø (16), Kim Sander Dyrud (16) og Andreas Tveiten (17) som pressar rundar i gata med Massey Ferguson, John Deere og Zetor. Foto: Gro B. Røiland
Ein treng ikkje ha bil og billappen for å råne i gata. Ein styla traktor kan vera køyredoning god som gull. Ole Martin Aabø Østbø (16), Kim Sander Dyrud (16) og Andreas Tveiten (17) rånar i gata med Massey Ferguson, John Deere og Zetor.
Traktorane har dei styla med Michelin-menn og ekstra lys på taket. Innvendig har dei stereoanlegg, pyntelys, gardiner og godlukt frå Wunderbaum og Poppy. Nå til jul hadde gutane pynta litt ekstra, med glitrande julelys og juletre i traktorhytta.
Les meir om traktorgutane i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.com