FORBOD FRÅ TORSDAG: Denne veka startar bålforbodet for å hindre skog- og lyngbrann.
FORBOD FRÅ TORSDAG: Denne veka startar bålforbodet for å hindre skog- og lyngbrann.

Tenner bål for landbruket

Brenn bål. Bønder over heile landet brenn for norsk landbruk, og tenner bål i dag for å protestere mot retninga Regjeringa vil føre landbruket.

Brenn bål for norsk landbruk

Klokka tre i ettermiddag tenner bønder over heile landet bål som eit varsel om at Regjeringas jordbruksmelding fører matproduksjonen i feil retning.

I Midt-Telemark blir det tent bål på veg ut mot Nesodden i Sauherad og på Fensmyra i Nome. Bondelaget i Bø klarar av ulike årsaker ikkje å vere med på aksjonen.

– Ved å tenne bål i heile landet vil me protestere mot ei jordbruksmelding som gir auka liberalisering og svekkjer politikken. Det er ikkje sjølvsagt at me har eit jordbruk frå nord til sør i dette landet, eller eit mangfald av garder. Det er det me brenn for og vil ha meir av, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.

Norges Bondelag arbeider for å betre vilkåra for landbruket og synleggjere landbrukets betydning for samfunnet. Bondelaget er partipolitisk uavhengig og den leiande organisasjonen for næringspolitikk og service i landbruket. Laget har 62.000 medlemmar, om lag 550 lokallag og 18 fylkeslag.