170126-Evy-Beate-Tveter-skilting-10-

Kreativ skilting kan få folk til å gå

Evy Beate Tveter trur mange ikkje har oppdaga dei fine snarvegane gjennom Evjudalen. Foto: Marta Kjøllesdal

 

Kreativ skilting kan få folk til å gå meir. Det meiner Evy Beate Tveter. Ho er ein av dei som har vore med på idémøte om utviklinga i Bø sentrum i regi av Bygdepakke Bø. I etterkant av møtet har ho sendt inn fleire forslag om måtar det kan vere mogleg å lokke folk til å gå på og samtidig spele på det lokale og særeigne for Bø.

– Eg vil ikkje bilen til livs, eg er sjølv avhengig av bil, men me treng å køyre mindre i Bø sentrum, seier Tveter.

Ho tenkjer seg at ein kan bruke skilt på ein litt meir kreativ måte. For eksempel kan det stå ”Gamle meieri 2 min.”. I staden for å fortelje kor langt det er til ein plass, så kan ein skrive kor lang tid det tek å gå dit.

Tveter spelar også inn eit forslag om å bruke plakatar som kan gjere folk merksame på ting rundt seg. Det kan vere spørsmål om kor mange fuglar ein har høyrt i dag eller forslag til gode diskusjonstema i busskur.

Les meir om saka i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.no.