Sivilombudsmann-024[1]

Sivilombodsmannen gir opp

Avsluttar. Sivilombodsmann Aage Thor Falkanger skriv at det ikkje meir han kan gjere når det gjeld Lifjellplanen og han avsluttar saka. Fotograf: Ingar Næss

Kommunen har ikkje følgd oppfordringa frå Sivilombodsmannen

I eit avsluttande brev til Bø kommune går sivilombodsmannen gjennom saka om kommunedelplan for Lifjell. Han skriv at ombodsmannen kom med ei uttale 8. juli 2015 der han konkluderte med at det såg ut til å vere manglande tilslutning til ei avtale om å bygge ein skiheis på Lifjell. Ombodsmannen bad kommunen vurderer kommunedelplanen på nytt. Saka vart teken opp til ny behandling i kommunestyret 25. januar 2016 og det endra ikkje noko.

Ombodsmannen skriv eit brev til kommunen 20. april same år og påpeika at manglar og feil som ombodsmannen hadde peikt på ikkje var retta opp.

Sist haust fekk ombodsmannen oversendt planstrategien til Bø kommunen for 2016 til 2019 der det går fram at kommunen ikkje ser at det er behov for å rullere planen for Lifjell i denne perioden. Sivilombodsmann Aage Thor Falkanger skriv til slutt i brevet at han konstaterer at kommunen ikkje har følgd opp oppfordringa om ei ny vurdering av saka. Dermed er det ikkje meir han kan gjere og han avsluttar saka.

Les  fleire lokale saker i papiravisa eller kjøp heile Bø blad eller enkeltsider på nett hjå buyandread.no