150416-Telemark-landstreff-2015-41-

Russ frå heile landet møtast i Bø

I april er det igjen tid for stort russetreff i Bø. Biletet er frå landstreffet i 2015. Foto: Marta Kjøllesdal

Bø Sommarland blir også i år arena for eit av dei store russetreffa. Helga frå 28. til 30. april går «Landstreff Telemark» av stabelen. Arena er som tidlegare parkeringa i Bø Sommarland.

– Nytt av året er at me kjem til å ha hovudscena inne i eit stort telt. Det vil lage ei unik atmosfære for russen med tanke på lyssetting og alt som kan gjerast. Det er også eit tiltak for å redusere støyen mot nærliggande naboar ytterlegare, seier dagleg leiar i Telemarkstreffet AS, Jørgen Snøås Gustavsen.

Treffet er allereie utseld, og det er venta at ungdom frå heile landet tek turen til Bø.

– Me ventar russ frå Tromsø, Bergen, Kristiansand, Lillehammer, Halden og alle byar imellom, seier Gustavsen.

Les meir om russetreffet i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.