Sauherad fekk medhald i tingretten
Legen som vart oppsagt av Sauherad kommune fordi ho nekta å setje inn spiral, Katarzyna Jachimowicz, tape i tingretten.
Jachimowicz meiner at innsetting av enkelte typar av prevensjonsmiddelet spiral fører til abort av egg som er befrukta. Derfor hadde ho reservert seg mot å sette inn denne type spiral. Ifølgje fastlegeforskrifta kan ikkje legar reservere seg mot å utføre oppgåver av for eksempel samvits- eller politiske grunnar.
Då Jachimowicz miste jobben som fastlege i Sauherad saksøkte ho kommunen for å få den att. Rettssaka gjekk i Aust-Telemark tingrett i førre veke. Dommen fall i dag, torsdag 9. februar og retten har frifunne Sauherad kommune, oppseiinga er gyldig. Partane dekkjer eigne sakskostnader.
Bø blad kjem tilbake til saka i avisa neste torsdag