
Kult i Bø. «Det er kult i Bø», syng Lars Lillo-Stenberg i deLillos på eit nytt album. Foto: Stian Andersen
deLillos vart invitert på nachspiel
På det nye albumet til deLillos er det med ein song om Kroa i Bø. Lars Lillo-Stenberg har skrive om eit skremmande møte med publikum i Bø.
– Nydeleg. Det var kjempegøy å høyre deLillos synge om at det var så hyggeleg å spele i Bø og her vart dei inviterter på nachspiel.
Det fortel Marte Henriksen Bollum, leiar i Kro og Kultur. Det var ho som høyrde songen, ho har praksis i musikkselskapet Drabant Music og fekk vere med på innspelinga.
– No må de vel få deLillos til Bø igjen?
– Det hadde vore utruleg moro å høyre songen om Bø frå scene i Kroa, svarar Henriksen Bollum.
Les meir om det nye albumet til deLillos i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread-no.