Folkestad-barnehage-2

Kuttar todagarstilbod

Minimum tre dagar. Det blir ikkje lenger tilbod om to dagar i dei kommunale barnehagane i Bø. Her ser me Folkestad barnehage. Arkivforo: Øystein Akselberg FOTO: Arkivfoto

Tilbod om fem, fire og tre dagar

Utval for oppvekst og kultur har bestemt at det blir slutt på å kunne ha plass to dagar i veka i dei kommunale barnehagane i Bø.

Det vil seie at barnehagane til byr plass fem, fire eller tre dagar i veka. Grunnen er at dei tilsette opplever at det fungerer dårleg for ein del barn å gå to dagar i veka. Dei små brukar lenger tid enn en ønskjer til å oppleve barnehagen som ein trygg plass. Dei litt større barna kan streve med sosialt samspel og må stadig byggje nye relasjonar. I sakspapira til utval for oppvekst og kultur blir det peika på at det å auke til tre dagar i veke kan vere eit økonomisk spørsmål, det kostar meir og ein misser kontaktstøtte for dei barna som elles ville få det.

Det blir peika på at det er kome gode ordningar slik at familiar med låg inntekt kan søkje om redusert betaling og 20 timar gratis kjernetid. Saka vart behandla i utval for oppvekst og kultur fredag 10. februar.