170216-Kjøpesenterlandet-65-b

– Mistak å legge høgskulen til Bø

Park og torg. «Skal byar og tettstader vera eit sentrum samansett av torg, rådhus, parkar og bygardar med butikkar og bustader? Eller ei samling solitære kjøpesenter utanfor tettstaden, sentrerte kring eit parkeringsanlegg?» Der spør Ronny Spaans i boka «kjøpesenterlandet». Her parken i Bø: Evjudalen.

 

 Bø med terningkast to

– Det var eit mistak å legge ein høgskule til ein så liten plass som Bø, men det finst håp for Bø. Ein kan gjere som i Kongsberg å flytte høgskulen ein kilometer nærmare bykjernen.

Det skriv Ronny Spaans i boka «Kjøpesenterlandet Planlaus norsk stadutvikling».

Det vakte oppstuss for eit par veker sidan då boka til Spaans fekk stor omtale i media. Han slakta den eine byen etter den andre. På topp som gode stader trona bygda Lom og gruvebyen på vidda, Røros, med terningkast 6. Bø fekk to auge på terningen. Gran på Hadeland, Ørsta og Førde fekk ein. Drammen som har hausta mykje ros for utviklinga har fått fire.

Les meir om kva Spaans meiner om Bø i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.mo