Russerevy Nora P. Torset og Marthe Fremgård februar 2017 1

Russerevy med mykje godt og blanda

Bles i gang årets russerevy. Revysjefane Nora P. Torset (t.v.) og Marthe Fremgård trekkjer i trådane for å få i hop revyen til børussen.

«Godt & blandet med Børussen» heiter årets russerevy. Bak den står rundt 60 3. klassingar ved Bø vidaregåande skule. Revyen har i år berre ei framsyning. Den går av stabelen fredag 3. mars i Storsalen i Gullbring kulturanlegg. Så her kan ein rekne med at det blir rift om billettane og stinn brakke. Som namnet på revyen tilseier vil publikum få ein variert meny med noko for ein kvar smak. Årets revysjefar er Marthe Fremgård og Nora P. Torset.