170223-Bjørn-Hallgeir-Myrene-2

Viking og prest frå Flatin

Bjørn Hallgeir Myrene heime på garden på Flatin der han har vokse opp. Nå bur skodespelaren i Oslo. Foto: Gro Birgitte Røiland

Viking, prest, psykiater eller flau far som brått må ut å kjøpe dusj. Sjansen er stor for at du har sett Bjørn Hallgeir Myrene (37) i ei av desse rollene.

Bøheringen frå Flatin har dei siste par åra vore flittig gjest i norske tv-stover. Det byrja med reklamefilm for fire år sidan. Nå er han ein mykje bruka skodespelar både i reklame og tv-seriar.

Nyleg dukka Bjørn Hallgeir opp i humorserien «Presten» på NRK, der han spela ein litt småleg konkurrent til presten Bjarte Tjøstheim. I «Vikingane» på NRK spela han karakteren Torstein Hund, ein råbarka viking som er den høgre handa til Jarl Varg (Jon Øygarden).

Du kan lesa meir om skodespelaren frå Bø i siste utgåve av papiravisa, eller du kan kjøpe avisa på nett på buyandread.no.