Puttlandrevyen 2017 sjefane 3

Høgt og lågt i Puttland

Puttlendingar i fri dressur. Stanley Jacobsen (f.v.), Astrid Brockhus, Marianne Langkås og Åse Berit Sageie lovar ein variert revy med mykje moro.

I år er det Folkestad som har stafettpinnen i den etter kvart lange rekkja av lokalrevyar i Bø. Puttlendingane kan opplevast på revyscena i Gullbring kulturanlegg 10. og 11. mars. Namnet på årets lokalrevy er Høgt & Lågt.
– Det blir ein revy med politisk sprengkraft, lovar leiar i skrivegruppa, Stanley Jacobsen, og ler godt, men vil ikkje røpe kva revyens raude tråd er.
Det er fjerde gong revygruppa på Folkestad står bak lokalrevyen. Første gong meiner dei var i 1997. Årets revygjeng som tel 55 personar med smått og stort, blir leia av kvartetten Marianne Langkås, Astrid Brockhus, Åse Berit Sageie og Stanley Jacobsen