170203-KS170227-23-

Bø seier ja til Vestfold

Delt. Kommunestyret i Bø var delt i spørsmålet om ein skal protestere mot tvangssamanslåing av Telemark og Vestfold eller ikkje.

Vestfold betre enn ingenting

Kommunestyret i Bø sa måndag kveld nei til å vere med på eit opprop mot tvangssamanslåing av Vestfold og Telemark. Det er betre med Vestfold enn ingen, meinte fleirtalet.

Ordførar Olav Kasland (V) peika på at det ikkje er nokon som har sagt ja til å slå seg saman med Telemark. Derimot har han høyrt frå Buskerud-folk som han har møtt på Stortinget at Telemark er det siste dei kan tenkje seg å slå seg saman med. Han kom med fleire antydingar om at det er mange som vil ha Vestfold saman med Buskerud, Akershus og Østfold, blant andre i Høgre.

Les meir i papiravisa og sjå kven som går for tvang og ikkje. Avisa kan også kjøpast digitalt på buyandrad.no