170302-Advokathjelp-biblioteket-04-b

Advokathjelp på biblioteket

Rask vurdering. Advokatane Wenche Merete Kåsa (t.v.) og Lill Kristin Nilsen (t.v.) gir råd om kva som kan vere lurt å gjere. Hilde Pedersen tykkjer opplegget passar i tilbodet til biblioteket.

Kan sjekke om ein har ei sak

Advokatane Wenche Merete Kåsa og Lill Kristin Nilsen vil tilby gratis advokathjelp. Dei blir å treffe på Bø bibliotek første torsdagen i månaden, då er det advokatvakt.

– Folk kan kome hit og få hjelp til å finne ut om dei har ei sak, seier Lill Kristin Nilsen.

Ho og Wenche Merete Kåsa har starta advokatfirmaet Kåsa & Nilsen og opna kontor i Bø i august i fjor. Dei har begge fartstid frå politiet. Nilsen har også vore ved Namsfogden i Skien og Porsgrunn. (Namsfogden/namnmannen tek seg av saker der folk ikkje kan betale, til dømes tvangsauksjon), medan Kåsa også har erfaring frå eit datafirma.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa digitalt på buyandread.no.