kvite-i-tjønna-2-Cornelis-Brockhus-

Kvige gjennom isen på Harpetjønn

Seks-sju mann. Sekjs-sju ann frå brannvesenet var med på å redde kviga på land. Foto: Cornelis Brockhus

Berga etter kort tid

Ei kvige (ung ku) stakk av då nokre dyr skulle lastast om i ein dyretransportbil. Ferda til kviga enda i Harpetjønn ved Folkestad-feltet. Kviga gjekk gjennom isen, men vart raskt berga.

– Eg gjekk ut for å ta meg ein sigar. Då høyrde eg det rauta, fortel Cornelis Brockhus, som bur like ved tjønna.

Først trudde han det var ein elg. Så såg han kua i tjønna. Då ringe Brockhus til politiet. Klokka var 10.33 og brannvesenet kom etter eit kvarters tid.

Følgde spora

Dyretransportbilen kviga stakk av ifrå stod på tunet hjå Jan Helge Folkestad. Det var ei kvige som var i bilen og ikkje Folkestad si.

Han fortel at dei klarte ikkje halde følgje med dyret, men følgde spora i snøen. Kviga gjekk til Tjønntveitkrysset mellom Lifjellvegen og Folkestadvegen. Der gjekk den utpå isen og gjekk til slutt igjennom.

I god form

– Ho var truleg ikkje i vatnet i meir enn fem minutt, fortel Folkestad.

Arvid Hagen i Midt-Telemark Brann og Redning fortel at dei drog kviga over isen og innpå land. Ho hadde panikk og var ikkje heilt samarbeidsvillig. Det var seks-sju mann frå brannvesenet med på redningsjobben.

Etter at kviga var komen på land gjekk ferda til fjøset til Folkestad. Der står kviga no og ho er i god form. Kva som skjer med ho no veit ikkje Folkestad.

Les fleire lokale saker i papiravisa eller kjøp avisa digitalt  på buyandread.no.

Tungt. Arbid Hagen brannvesenet seier det var itt vanskeleg å få dert 300 kilo tunge dyret på land. Foto: Cornelis Brockhus