TØFF TID. Bø blad - Lokalavis i Midt-Telemark  er ei av verksemdene som opplever store utfordringar nå. Koronakrisa kan få store ringverknader, ifølgje redaktør Hilde Eika Nesje.
TØFF TID. Bø blad - Lokalavis i Midt-Telemark er ei av verksemdene som opplever store utfordringar nå. Koronakrisa kan få store ringverknader, ifølgje redaktør Hilde Eika Nesje.

Bø blad aukar med 25 aviser

Bø blad er ei av få aviser i Telemark som auka opplaget i 2016. Foto: Gro B. Røiland

Bø blad har auka opplagstalet med 25 aviser i 2016. Det vil seie at opplaget er oppe i 2.567 eksemplar, noko som er ein framgang på ein prosent. Avisa er ei av få aviser som auka opplaget i Telemark i 2016.

I 2015 var opplaget på 2.542 aviser.

Kanalen har gått tilbake med 102 aviser i veka til eit opplag på 1.857.

Drangedalsposten har gått ned frå 2.060 til eit opplag på 1.919 aviser, ein nedgang på 141 aviser.

To andre telemarksaviser aukar, det er Porsgrunns Dagblad (PD) og Kragerø Blad Vestmar.  PD har gått frå eit opplag på 3.840 i 2015 til 4.054 i fjor. Det er 5,6 prosent opp.

Kragerø Blad Vestmar hadde eit opplag  i 2016 på 4.177. Det er ein framgang på 212 aviser, over fem prosent opplagsauke.

Telen har derimot hatt ein tilbakegang på 102 aviser og hadde i 2016 eit opplag på 4.175.

Vest-Telemark Blad har i 2016 gått tilbake med 177 aviser til eit opplag på 5.307. Rjukan Arbeiderblad har gått tilbake med 137 aviser. Det hadde eit opplag i 2015 på 2.298 aviser, mens opplaget i fjor låg på 2.161.

Størst nedgang har dei to store, Telemarksavisa og Varden. Varden har gått frå 19.436 selde aviser i 2015 til 18.452 aviser i fjor. Det er ein nedgang på 984 aviser eller fem prosent.

Tala for Telemarksavisa var 18.082 i opplag i 2015 og 17.860 i 2016. Det er 222 aviser eller vel ein prosent ned.

Tala er henta frå nettavisa journalisten.no