Gullbring-studentheim-02

Samskipnaden må betale eigedomsskatt

Eigedomsskatt. Studentsamskipnaden må betale eigedomsskatt for studentheimane i Bø.

Viktig for studentvelferd

Per Atle Einan (SV) fremja forslag om at studentsamskipnaden ikkje skal betale eigedomsskatt for bygningane i Bø. Einan peika på at studentsamskipnaden er den viktigaste aktøren for studentane sine butilhøve og velferd. Studentsamskipnaden er ein ikkje-kommersiell aktør i motsetning til dei private utleigarane av hyblar. Derfor meiner Einan at det er forkjellsbehandling å pålegge eigedomsskatt. Politikarane i kommuestyremøtet vart orientert om at fleire store studiestadar som Porsgrunn også krev eigedomsskatt av studentsamskipnaden og den  må den også i Bø. Tidlegare har formannskapet gått for det same.

Les fleire saker frå Bø og Sauherad i papiravisa eller kjøp Bø blad på nett på buyandread.no.